BLIX er UiNs elektroniske publiseringsarkiv. Alle dokument i BLIX er ope tilgjengelege i fulltekst. I BLIX finn du forskingspublikasjonar, doktorgradsavhandlingar, masteroppgåver og bacheloroppgåver frå UIN
Meininga med BLIX er å synleggjere forskinga ved UIN samt å gjere publikasjonane tilgjengeleg for eit større publikum.
Du kan søkje i alle dei norske institusjonsarkiva i det nasjonale søkjesystemet NORA (Norwegian Open Research Archives).
For studentar: Publisér oppgåva di i BLIX
Publiserer du oppgåva di i BLIX, blir den ope tilgjengeleg for alle. Den blir også søkbar i BIBSYS samt i søkjemotorar som Google.
Når du leverer oppgåva din, kan du seie JA til at du vil publisere oppgåva elektronisk på innleveringsskjemaet.
Av omsyn til Åndsverksloven må du også signere avtalen for å gi samtykket ditt. Dersom oppgåva din tilfredsstiller Universitetsbibliotekets utvalskriterium for studentarbeid, vil vi publisere oppgåva di etter at sensur er fall.
Har du allereie levert eller er tidlegare student? Ta kontakt med Universitetsbiblioteket for å signere avtale og få oppgåva di publiserte.
For doktorgradsstudentar og tilsette: Avhandlingar og forskingsresultat
Publisering i BLIX gir sikker lagring av forskingsarbeidar og gjer dei gratis tilgjengeleg for alle. Dette er eit supplement til tradisjonell publisering, ikkje ei erstatning. Gjennom BLIX blir publikasjonane synlege både gjennom vitskaplege søkjetenester som NORA og DART (for doktoravhandlingar), og også generelle søkjemotorar som Google.
Publisering i BLIX vil tilfredsstille dei krava som blir stilte til Open Access-publisering frå Forskningsrådet og EU's. 7. rammeprogram.
Doktoravhandlingar, tidsskriftsartiklar, skriftseriar m.m. kan publiserast i BLIX med mindre avtalar med annan utgivar forhindrar dette. Dei fleste utgivarar tillèt at forfattaren eigenarkiverer i arkivet til institusjonen sin, eventuelt med visse vilkår.
Kontakt gjerne Universitetsbiblioteket for hjelp til publisering.
Les meir: |