Dei fleste av tenestene til biblioteket er gratis, men i ein del tilfelle må vi ta betalte:
Purregebyr  
·         Når lånetida går ut på ei bok du har lånt, sender biblioteket ut ei fyrste påminning om innlevering/fornying. Denne påminninga er gratis.
·         Andre purring kostar 25kr per. dokument du har lånt, og du vil bli sperra frå å låne fleire bøker til gebyret er betalt, og boka levert eller fornya.
·         Tredje purring kostar og 25kr per dokument, pluss gebyret for andre purring.
·         Dersom vi ikkje får dokumenta inn, vil det bli laga erstatningskrav for dokumenta (sjå under).
·         Alle purringane, bortsett frå den tredje, går til den epost-adressa du har registrert i StudWeb.
Lån og kopiar frå andre bibliotek til våre eigne studentar
• Kopi av artiklar: kr. 60,- pr. artikkel
• Lån frå bibliotek utanfor Norden: kr. 200,- pr. bok
Erstatningskrav for tapt litteratur
• Kr. 500,- pr. bok
• Kr. 300,- pr. studentarbeid
• Tidsskrift: Etter skjønn (men dyrt!)
• Kr. 250,- i administrasjonsgebyr må betalast sjølv om dokumenta blir leverte tilbake til biblioteket