Lånekort og innlogging
Studentar og tilsette bruker studentkorta og tilsettkorta sine som lånekort i biblioteket. Har du gløymt kortet ditt må du vise annan legitimasjon med bilete.
Andre brukarar som har fylt 16 år kan bli registrerte som brukarar av biblioteket. Hugs å ha med gyldig legitimasjon.
Biblioteket sitt lånekort er personleg, og kan ikkje brukast av andre enn eigaren.
Du finn låntakarnummeret ditt (bokstavar og tal) på baksida av kortet ditt, under strekkoden.
Dette nummeret treng du dersom du ønskjer å setje deg på venteliste på ei bok, eller bestille ei bok frå eit anna bibliotek.
Når du er inne i Bibsys Ask, klikk på logg på som er øvst til høgre på sida.
Studentar og tilsette på UIN
Alle som er registrert med personnummer i biblioteket sitt system:
Vel: Logg inn via FEIDE
Vel tilhøyrsel: Universitetet i Nordland
Logg på med det brukarnamnet og passordet du bruker for å logge deg på datamaskina på UIN
Andre brukarar Internasjonale studentar og tilsette/lånere utan registrert personnummer:
Fyrste gongen du skal logge deg på: Bestill eit passord i Bibsys Ask
Eit passord vil bli sendt til den e-post adressa som er registrert hos biblioteket
Logg på med låntakarnummeret ditt (som står på baksida av kortet ditt)
Og passordet du blei sendt på e-post.
Når du er logga på, kan du gå på "min side" og sjå kva bøker du har lånt, og når lånetida går ut på dei. Du kan forny bøkene sjølv her inne tre gonger, dersom det ikkje er nokon som står på venteliste på boka. Du kan også sjå kva bøker du har bestilt.