Tilgang til elektroniske ressursar
For dei fleste av dei elektroniske ressursane biblioteket abonnerer på, må du logge deg på dersom du skal bruke dei heimanfrå. Rettleiing til ekstern tilgang finn du her.
Lån
Vi har bibliotekfilialar ved studiestadene Helgeland og Vesterålen. Desse kan du bruke når du er på samling, eller dersom du bur i nærleiken av dei. Som fjernstudent kan du også låne dokument frå hovudbiblioteket i Bodø. Herifrå sender vi deg dokument frå eiga samling, og skaffar innlån frå andre bibliotek når det er nødvendig.
Du får dokumenta gratis tilsende, men må sjølv betale for retur.
Tidsskrifter blir ikkje sende til studentar, men vi sender deg kopiar av artiklar frå eigne tidsskrifter. Artiklar frå andre bibliotek kan skaffast mot betaling.
Gjer deg kjent med lånereglane.
Bestilling av lån
Lån skal bestillast gjennom Bibsys Ask. Sjå rettleiing.
Retur av lån
Dokumenta blir returnerte pr. post for eiga rekning. Bur du i nærleiken av studiestadene Helgeland eller Vesterålen, kan du levere dokumenta der. Hugs ekstra god margin til innleveringsfristen, slik at bøkene kan bli registrerte innlevert før du får purring.
Oversikt over lån og fornying av lån
Purringar og gebyrkrav kjem automatisk, så pass på lånefristane. Purringar og andre meldingar blir sende til deg på e-post, så fremst du har registrert ei e-postadresse hos biblioteket via StudWeb. Derfor er det viktig at endringar av e-postadresse, telefonnummer og adresse alltid er oppdaterte i StudWeb.
Du kan sjølv følgje med på låna og dine eventuelt fornye desse. Lån kan fornyast inntil 3 gonger dersom det ikkje er venteliste på boka.
Dersom du har fått purregebyr, og ønskjer å betale dette utan å ha høve til å kome innom eitt av biblioteka våre, ta kontakt med hovudbiblioteket i Bodø.
Sjå oversikt over låna og bestillingane dine.